Bakeri


Vårt bakeri har lange tradisjonar som blir vidareført i vår nye butikk. Vi kaldhevar deigane om natta, det er med på å gje produkta smak, og let produkta gå frå elting til omn utan å vere innom frys og kjøl. Vi set deiga kvelden i førevegen, eltar brøda ut om morgonen og steiker mellom klokka fire og ti. Vegen frå deig til produkt tek om lag seks timar frå start til mål.

For mange høyrer eit brød-stopp på Byrkjelo for handel av brød, knekkebrød, kjeks eller kaker med når ein er på veg gjennom Breim. Vi håpar du tek ein stopp neste gong du kjem forbi!