Om oss

Bakar Jon på Byrkjelo
Spesialbutikk for lokalmat, bakeri og kafeteria

Bakar Jon har i mange år vore ein institusjon på Byrkjelo, og ein populær stoppestad for både fastbuande og besøkande.

 

Vårt bakeri har lange tradisjonar og vi bakar alle våre produkt på eigne oppskrifter.
Vi kaldhevar deigane om natta, det er med på å gje produkta smak, og let produkta gå frå elting
til omn utan å vere innom frys og kjøl.


Vi satsar lokalt og ønskjer å vise fram dei flotte leverandørane vi har i vårt distrikt. Butikken inneheld
blant anna over 100 lokale/regionale produsentar.


Hos oss finn du alt frå tradisjonsmat til hurtigmat. Vi har sjølvsagt eit rikhaldig utval av gjærbakst,
samt softis og mykje anna godt. Store og små og velsmakande kaker til eit kvart høve har vi sjølvsagt og.